Hardanger Handbryggeri AS

Kven?

Johannes Solheim

Den med mest erafring av aoko alle. Har brugga på heimebasis, i eldhuset sitt i over 20 år. Vore tiltrekt av gamle Hardangertradisjonar om brygging frå fyrste dag, og er særs nøye med utval av råvarer, mengd og reinsligheit. Vore god læremeister for dei tre andre. Heldigvis, har han vorte mjukna opp litt over tida, og vorte meir og meir glad i andre typar øl, og villug til å utvikle desse med innslag av Hardanger i dei. Alt-moglegmann på bryggeriet, frå brugging til sveising, snekring og sal. Driv med eigedom og utleige samt jobbar med mykje rart i Lindum når han ikkje brugger.
Favoritttype øl: Kölsch
Held med: Liverpool FC

Magnus Steigedal

Fatta interessa for brugging når han kom innom Petter som stod med hovudet i ein kjele, ein kveld for ein del år sida, og har vore den mest tekniske og beleste av aoko alle etterpå for å finna dei beste oppskriftene når me har testa oss fram gjennom åra som har gått. Utan denne kunnskapen, kunne t.d. både prosentnivå og mogingstid vore litt usikker. Vore motpolen og løysaren aokan til byråkratene i det norske systemet, og har god greie på dette berømte papirarbeidet. Jobbar som Rådmann i Ullensvang når han ikkje brugger.
Favorittype øl: IPA
Held med: Tottenham Hotspurs

Karl Magnus Andersen

Brugga heime på garden i over 10 år, og har nok luska i buskene utanfor eldhuset til Johannes for å lære seg gode teknikker. Er den tolmodige av aoko, og ingenting skal forhastas. Kvalitet bygges over tid ser ein nesten stempla i panna hans. Arbeidsom og alt-moglegmann, frå brugging til muring. Pressar eplesaft og murar når han ikkje brugger. Kanskje den mest tru til Hardangertradisjonane i øl av aoko alle.
Favoritttype øl: Tradisjonsrik kodnøl
Held med: Liverpool FC

Petter Sexe Ulriksen

Fatta interesse for ein del år sida, når Johannes viste fram noko han hadde laga i eldhuset, i eit godt lag. Vart invitert til å koma i lære, og så var det gjort. Har stått for det meste visuelle, vere seg etiketter og websider, kundekontakt og litt pisk for å fortgang i ting, då han ikkje er av den tolmodige typen. Innom det aller meste av oppgåver på bryggeriet. Han driv to fruktgarder, jobbar i det lokale breibandet og har rota seg inn i lokalpolitikken også i Ullensvang når han ikkje brugger.
Favoritttype øl: Kölsch, trapist eller IPA
Held med: West Ham United

Magne Eivind Moe

Habil bryggar på fritida i eldhuset sitt, og den med flest gullkorn i dei fleste settinger. «forfatter» av baksida på etikettene våres, og har mykje god tradisjonsrik brugging bak seg som de vil finne att på enkelte øltyper me har. Kom som femtemann på laget rett etter nyttårsafta 2016, og er ein solid medspeler. Når han ikkje brugger, så har han ein fruktgard der han i tillegg driv med fjørfe i større skala, og jobbar i Ullensvang Herad med planar og bygg.
Favoritttype øl: Tradisjonsrik kodnøl
Held med: Liverpool FC