Hardanger Handbryggeri AS

Historia

Fire bryggarar møttes

14. februar 2015

Fire bryggarar møttes

14 februar 2015, dagen før Petter skulle til syden, så skipa me vårt første møte for å sjå om dette her var noko me skulle halde på med eller ei. Fire såpass travle karar, hadde snakka så lenge om detta, og sidan me brygga på kvar vår knaus, så kanskje me kunne få til noko saman også? Planane var båe høge og breie, og namna på øla me skulle laga sat laust. Vel, me fekk snakkast nærare att når Petter kom heimatt.

Bryggeribesøk

27. mars 2015

Bryggeribesøk

Full av pågangsmot, måtte me jo såklart ga på eit etablert bryggeri, og finna inspirasjon, ideer og såklart fallgruver. Me tok kontakt med Noregs nest-eldste mikrobryggeri, nemleg Valdres Gardsbryggeri og dei tok aoko i møte og gav oss mange ting å tenkje på.

Hardanger Handbryggeri AS vart skipa

10. april 2015

Hardanger Handbryggeri AS vart skipa

Tida gjekk, og praten og dei gode ideeane spann vidare. Me byrja å settje oss inn i kva som skulle til, for å verte godkjende og ikkje minst kva utstyr og kostnader me kunne forventa. Hardanger Handbryggeri AS vart skipa, og alle fire gjekk inn med lik aksjekapital, og var klar for oppgåva. Me såg etter lokaler å halde til i, men ikkje heilt komen i mål der.

Innkjøp av utstyr

13. mai 2015

Innkjøp av utstyr

Dei fyrste kjelene, meiskekarene og trykktankane var handla inn, etter iherdig leiting på finn.no. Ein del brukt utstyr meinte me ikkje skulle sta i vegen for å laga eit godt øl, og samstundes, me ville sjølvsagt halde kostnadene nede for å sjå om det i det heile var liv laga. Resten kjøpte me hos brygging.no, eit utsal som ligge nokre hundre steinkast unna oss idag. Me var framleis på jakt etter lokaler på dette tidspunktet. Ekperimentering med oppskrifter (heime hjå kvarandre) var også godt igang, og IPAen «Haarteigen» såg sitt endelege lys denne månaden. Me hadde vore rause med både humlene og maltet i denne IPAen.

Tida som forsvann – part 1

15. oktober 2015

Tida som forsvann – part 1

Tida gjekk fort, me hadde mange andre oppgåver utanom brugging, og desse vart tidstjuvane aokan. I mellomtida, så landa me oppskriftene på både Tyst (11 forsøk før me var nøgde), Spøkjetyst og Bek. Me hadde no fire øltyper, haug med utstyr. Men, korkje løyve eller lokaler gjorde ikkje dette enkelt. Me var litt stranda på dette tidspunktet.

3. desember 2015

Me tek oss sjølve i nakken, og får endeleg tilslag på eit lokale i gamle ærverdige Børve fruktlager. Me gjeng umiddelbart til verks for å bygga om, vøla, vaska og plassera alt utstyret på plass. Me var plutselig i gong, men no byrja ein ny epoke med venting, nemleg papirveldet og få på plass løyver og andre avtaler.

Tida som forsvann – part 2

12. oktober 2016

Tida som forsvann – part 2

Så kom endeleg løyve, og byråkratiet hadde satt sine djupe spor i bryggarane, men dei var so glade og klare no, at alt var fort gløymd. Produksjonen var no i gång, sia oppskriftene allereie var spikra. I den lange som hadde gått, så hadde dei designa etiketter, invistert i etikeringsmaskin og fått tappeutstyr. Målet var å få nokre

Fyrste 1000 flasker går til butikkane i Ullensvang

1. desember 2016

Fyrste 1000 flasker går til butikkane i Ullensvang

Milepælen var nådd, og me leverte ut på tidsfrista me gav oss sjølve, nemleg 1.desember. Det var «Potlaskatt» (joleølet) og «Tyst» som vart dei to første øla ut til butikk. Utruleg kjekt å koma igong. Samstundes førebudde me aokan eige utsalgslokale på Børve, med tanke på åpning 20 desember.

Me åpnar eige utsal

20. desember 2016

Me åpnar eige utsal

Mange fann vegen til bryggeriet og utsalet, då me åpna vårt eige utsal den 20nde desember. Dette var ein ny merkedag for oss, og me hadde 30 gåvekassar med fem sorter i kvar, der dei fyrste som kom kunne få kjøpe i tillegg til det vanlege sortimentet som me hadde.

Ny bryggar og medeiger

2. januar 2017

Ny bryggar og medeiger

Så vart fire til fem, og me ønska Magne Eivind Moe velkomen på laget. Ein habil bryggar, som har over 20 års erfaring under vengene. Mange nye og gode idear vart også tilført, og me gler oss til å jobba tett med Magne Eivind. Me høyrest veldig gamle ut no, men samla sett har me då over 60 års bryggerfaring, så noko godt må vel koma uta av dette.