Hardanger Handbryggeri AS

Month: desember 2016

By in Nyhende Kommentarer er skrudd av for Åpningsdag med suksess

Åpningsdag med suksess

Det vart såpass hektisk på åpningsdagen, at me ikkje rakk å ta bileta sjølve når det stod på som verst. Det aller meste me hadde vart reve bort, og gåvekassene vart ikkje ein halvtime gamle eingong før dei var farne. Takka vere den lokalt utsende journalisten frå Indreaustsia.no, så vart det teke både bilete og skreve ein god og forklarande tekst. Artikkelen finn de her: På indreaustsio si heimeside

Me vil samstundes takka alle som kom og kjøpte, såg og snakka med oss. Dette var særs oppmuntrande. Det vert ope no fyrstkomande torsdag 22.12, frå 16-19.30 også. Bonus, vert at det vert brygga ein liten batch med «Bek» samstundes me held ope. Torsdagen i romjula, den 29.12 vert det også ope 16.00-19.30, og denne dagen vert det brugga to store batcher av «Spøkjetyst» og «Haarteigen».

Takk for no, velkomen att og God Jol!

By in Kvar, Nyhende Kommentarer er skrudd av for Fyrste salsdag

Fyrste salsdag

dsc_0449Det har vore god respons i dei utvalde butikkane me er representerte i, utruleg kjekt og inspirerande!

No åpner me sjølv, utsal direkte frå bryggeriet fyrstkomande tysdag, den 20nde desember. Det vert ope f.o.m. 16.00 fram til 20.00.

For å settje litt ekstra stas på denne dagen, så vert to spesielle hendinger.

1. sal av 30 stk limiterte presangkasser, signerte, med seks flasker i kvar kasse. Dei inneheld då samtlege fem sorter me har p.d.d. (Tyst, Spøkjetyst, Bek, Haarteigen og Potlaskatt). Me har fått mange forespørsler om å halde av, men her er fyrstemann til mølla, så det er likt for alle. Slike kasser vert «enklare» å få tak i på nyåret, då vert dei produsert i stort antal.
2. Overrekking av premie til vinnaren av namnekonkurransen på jolaølet vårt.

Det vert også sal av enkeltflasker, då kun av tre sorter så langt lageret rekk. Me har også gaveinnpakning/kasse til dette også.

Det vert ope fast kvar torsdag klokka 16.00-19.30 heretter.

Torsdagen i romjula vert det også bryggedag samstundes med sal, så kan dei nyfikne koma å sjå mens me brygger Spøkjetyst og Haarteigen.

Vel møtt, og god jol

Helsing bryggarane på Børve

By in Nyhende, Ølsortar Kommentarer er skrudd av for Vinnar namnekonkurransen

Vinnar namnekonkurransen

potlaskatt

Det var Kari Svåsand, som kom med det beste namnet på jolaølet, tykte me i komiteen. Det kom inn mange flotte bidrag, og alle symboliserte jol og tradisjoner, på kvar sin måte. Likevel, me tykte det lokale namnet på gåvene ein får, i ein gamal jolatradisjon, passa perfekt for eit øl frå Hardanger.

Kari kan venta seg ein flott premie, ein av dagane!

Tusen takk for alle bidrag, og me kjem til å lysa ut ein ny konkurranse når me skal lansera påskeølet!

By in Kvar, Nyhende Kommentarer er skrudd av for No er me endeleg i gang!

No er me endeleg i gang!

spokjetystglasstMe klarte å halde tidsfristen me gav oss sjølve (1ste desember), og endeleg har me kome i lokale butikker i både Ullensvang og Odda. Dei to fyrste me har i butikk, er då Tyst (pilsner) og Potlaskatt (jolaøl). Litt seinare i månaden starter me opp med direkte utsal på Børve, og det vert annonsert nærare tid. Då vert det moglegheit å kjøpa trekasser, med fem sorter i (Tyst, Spøkje Tyst, Haarteigen, Bek og Potlaskatt) i tillegg til vanleg flaskesal.

Du finn Hardanger Handbryggeri AS sine øl hjå:

Spar Kinsarvik
Bunnpris Lofthus
Spar Nå
Nærbutikken på Grimo
Joker på Utne
Nærbutikken Tyssedal

Me er spent på mottagelsen, og vonarleg kjem me i fleire butikker etterkvart.